Profilbilde

Nina Bang Larsen

Bergen
Tekstilinstallasjon med integrert video
  

Nina Bang Larsen (f. 1981) bur i Bergen og har mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. Etter enda utdanning har ho produsert mange ulike separatutstillingar; Kraft - rom for kunsthåndverk (2018), Oppland Kunstsenter (2018), Studio 17 (2017), Vestfold Kunstsenter (2015), Prosjektrom Normanns (2014), Kunstmuseet NordTrøndelag (2014), Soft Galleri (2012).

Nina Bang Larsen arbeider hovudsakleg med stadspesifikke installasjonar sett saman av tekstilskulptur, måleri, video og foto. I atelieret arbeider Bang Larsen i eit kaos av oppsamla materiale, tankar og idear. Ho let seg styra av slump og innfall, og det oppstår surrealistiske historier ho ikkje kjenner særleg kontroll over. Til montering av utstilling tek ho med seg eit utval av ferdig og uferdig frå atelieret, og held prosjektet ope slik at ho også er fri til å inkludere det som dukkar opp under vegs. Målet er å få til ein forførande komposisjon i utstillingsrommet som lokkar tilskodarar inn i den fargerike og absurde verda hennar.

Hovedverk
Samlaren, Kraft - rom for kunsthåndverk, 2018


Verk 1
Inga stad for det endelause, Oppland Kunstsenter, 2018


Verk 2
Grensetilfelle, Studio 17, 2017


Verk 3
Alt du ikkje vil ha, Vestfold Kunstsenter, 2015


Vi bruker cookies for å forbedre og måle bruken av nettstedet.