Mari Norddahl

Bergen
tekstilskulptur, installasjon, performance
  

BA (2015) + MA (2017) KHiB/KMD, Bergen

Eg arbeider med performance, skulptur og installasjon, der mjuke, abstrakte tekstilobjekt står sentralt. Desse opptrer i arbeida som eigne vesen med ein eigen agenda, og følgjer ein organisk estetikk med ein likskap til det kroppslege. Val av farger og material står likevel i sterk kontrast til menneskekroppen. Eg er oppteken av av korleis vi tolker og tillegg verdi til tinga rundt oss, samtidig stiller eg spørsmål om skulpturane eg skaper kan vere ein autonom eining, med eit eige medvit over sin eksistens. Dei har til felles med mennesket at heller ikkje dei har bede om å verte skapte. Kva tenker og føler objekta? Treng dei å fortelje oss det?

It Waits for Time to Slowly Crumble (2019) Falskt skinn med dyretrykk, møbelvelour, lycra honey sportsstrech, polyesterfyll, polyestervatt. 227 x 145 x 60 cm. Foto Andreas Dyrdal


Will you remember this? (2018) Performance, 2 timar Skulptur i soft-shell, polyestefyll Nordnes-Fløyen-Rundemanen-Galleri Kronborg, Bergen


Does it see what you see? Does it feel what you feel? II (2018) Installasjon der publikum vert invitert til å plukke opp og holde skulpturen. Bomullsfrotté, polyesterfyll, kunstpels, spegel, mdf. 65 x 115 x 41 cm


The Actual versus the Potential (to separate between the you and the other, to not separate between the you and the other) Bevegelig installasjon Tekstil, spegl, tau, motor. Triage, masterutstillinga i kunst 2017, Bergen Kunsthall. Foto: Jane Sverdrupsen


Vi bruker cookies for å forbedre og måle bruken av nettstedet.