Inntil medlemspresentasjonen er fullstendig, kan du se hele NTKs medlemsregister her.

Profilbilde

Marit Helen Akslen

Sykkylven, Møre og Romsdal
div tekstile teknikker

Akslen er utdanna ved Kunsthøgskulen i Bergen med Hovedfag frå seksjon for tekstil i 2000. Arbeida hennar har vore vist i separatutstillingar mellom anna ved Vestfold Kunstsenter, Bomuldsfabriken Kunsthall (duo), Møre og Romsdal kunstsenter, SOFT galleri og Kunstnerforbundet. Akslen har gjort fleire utsmykkingar, m.a til Forsvarsbygg og Det Norske Generalkonsulat i Houston, Texas. Ho er også innkjøpt av KODE, Kunstmuseet Kube og UD.

Akslen arbeider i hovudsak med større veggtekstilar. Materialet er som regel masseproduserte gjenstander, ofte klede eller delar av klede. Det som kjenneteiknar mange av arbeida hennar er at dei er bygd opp av ei mengd mindre delar av same slag. Slik brukar ho materialet som byggesteinar i nye komposisjonar. Plagga sine tidlegare bruksområde og status brukar ho bevisst som verkemiddel for å formidle ulike bodskap.

Tekstilene speglar samtidige problemstillingar med fokus på urett, oppløysing og uro.

Hovedverk
Night on Earth. 2019. Sandnes Kunstforening. Deler av regntøy


Verk 1
Staring at the Sun. 2019. Brukt regntøy.


Verk 2
Nowhere. 2016. Sammensydde skosåler.


Verk 3
A Cover for Alan Kurdi. 2018.


Vi bruker cookies for å forbedre og måle bruken av nettstedet.