Inntil medlemspresentasjonen er fullstendig, kan du se hele NTKs medlemsregister her.

Ingunn Bakke

Oslo
Tekstil/tre/glass/plexiglass

ingubakk@hotmail.com | www.ingunnbakke.com |Mobile + 47 97067989
Ingunn Bakke (f. 1966 Høyanger) bur i Oslo. Utdanna frå Institutt for tekstil ved Shks, no del av Kunsthøgskolen i Oslo, der ho i dag arbeider som verkstadmeister. Ho har stilt ut på separat- og gruppeutstillingar i inn- og utland, og kjøpt inn av m.a. Nasjonalmuseet, Sogn og Fjordane (KODE) og Fylkeskommunen Innlandet. For tida aktuell med utstillinga Konstellasjon ved Sogn og Fjordane kunstmuseum, 1.7 - 12.8. 2021.

Eg arbeider for tida med konstruksjonar av mønster, i store format og interaksjon mellom mønsterflater. Arbeida blir teikna og utvikla på dataskjermen, overførte på materialet MDF (trematerialet). Utføringa skjer med laserkutter og håndmåling.
Ellers arbeider eg med stofftrykk på tekstil og digital tekstiltrykk, handmåling, flatbedprinter på glas og plexiglas, og silketrykk med meir.

Konstellasjoner_oversiktsbilde med tre arbeider


Flyvende teppe


Vi bruker cookies for å forbedre og måle bruken av nettstedet.